Vokativar i norsk

Forskningsoutput: TidskriftsbidragArtikel i vetenskaplig tidskrift

Abstract

Abstract in Norwegian
Vokativfrasar, her definerte som (nominal)frasar som refererer til
adressaten for ei ytring utan å vera eit syntaktisk argument i ytringa,
kan ha identifiserande eller predikerande funksjon eller markere eit
trekk i samtalen. Vokativane kan vera frittståande frasar eller integrerte
i ei setning, der dei i norsk blant anna kan stå i ein øyremerkt
posisjon i venstreperiferien.
Ein norsk vokativfrase har oftast eit substantiv eller pronomen som
kjerne, men kan elles variere ein heil del når det gjeld forma. Variasjonen
blir likevel avgrensa av det vokative hovudet, som er det
høgste i den vokative frasen. Dette hovudet har eit deiktisk andrepersonstrekk,
og andre element i vokativfrasen må vera kompatible
med dette. Ein konsekvens er at adjektiv i vokativfrasen må ha
bestemt form, som i vokativtypen unge dame.
Ein annan særmerkt vokativtype i norsk er den eg kallar possessiv
predikasjonell vokativ, som din fjott. Eg hevdar at denne inneheld eit
pronominelt subjekt og eit nominalt predikat med ubestemt artikkel,
og at forma på frasen følgjer av dette.

Detaljer

Författare
Enheter & grupper
Forskningsområden

Ämnesklassifikation (UKÄ) – OBLIGATORISK

  • Språk och litteratur

Nyckelord

Originalspråknorska
Sidor (från-till)130-165
TidskriftNorsk Lingvistisk Tidsskrift
Volym32
Utgåva nummer1
StatusPublished - 2014
PublikationskategoriForskning
Peer review utfördJa