Sammanfattning
Abstract in Norwegian
Hovudlina i forskinga på lesing og skriving byggjer på tanken om at talt språk på alle vesentlege punkt er primært i høve til skrive språk. Omgrepsapparatet for studiet av språk og lese- og skrivedugleik er også bygd kring denne tanken. Dette er problematisk frå eit vitskapsteoretisk standpunkt sidan tanken om det talte språket sin dominans ikkje er tilstrekkeleg empirisk underbygd. I denne avhandlinga er det hevda at eit syn på talt og skrive språk som distinkte ? men ikkje isolerte ? sett av kodar med potensiale for meining er den beste arbeidshypotesen i arbeidet med å komma fram til funn om lese- og skrivedugleik som kan kallast empiriske. Det følgjer av dette standpunktet ei kritisk gransking av det omgrepsapparatet som vert nytta i forsking på lesing og skriving. Dette er emnet for dei sju artiklane i avhandlinga.
Artikkel I undersøkjer termen 'fonologi' i forskinga på dysleksi, spesielt innan paradigmet for kognitiv psykologi.
Artikkel II diskuterer statusen til fonem-omgrepet i psykolingvistikken med utgangspunkt i perspektiva beskriving, forklaring og forståing i vitskap. I denne artikkelen blir det hevda at fonemet primært er knytt til beskriving, og at det er lite brukande i forklaringar som gjeld lese- og skrivedugleik.
Artikkel III diskuterer kva rolle frekvens spelar i høve til tradisjonelle beskrivingar av fonologi når det gjeld læring av skrive språk. Her blir det òg presentert ein modell for å halda oppe dynamiske perspektiv i studiet av språklæring.
Artikkel IV undersøkjer ein utbreidd definisjon av lesing i kognitiv psykologi, samstundes som det teoretiske grunnlaget for ein ny definisjon blir presentert.
Artikkel V undersøkjer termen 'leksikon' i forskinga på lese- og skrivedugleik. Her blir også ei alternativ forståing av leksikon presentert innafor ramma av konneksjonisme og funksjonell lingvistikk.
Artikkel VI fokuserer på samanhengar mellom sensivitet til prosodi og dobling av konsonantar i skriving. Her blir det brukt ein nyansert modell av 'dugleik' for å gripa denne sensiviteten på ein måte som tilfredstiller krav til empirisk forsking.
Artikkel VII føreslår ein alternativ modell for skriving med eit spesielt fokus på korleis ein skal kunne tolka tilhøvet mellom sluttprodukt og skriving i verkeleg tid.

Originalspråk | engelska |

Kvalifikation | Doktor |
Tilldelande institution |

Handledare |

Tilldelningsdatum | 2005 okt. 1 |
Förlag | |
Status | Published - 2005 |
Bibliografisk information
Defence detailsDate: 2005-10-01
Time: 10:00
Place: Hörsal 128, Stora Algatan 4, Lund
External reviewer(s)
Name: Leiwo, Matti
Title: Professor
Affiliation: University of Jyväskylä, Finland

P.H. Uppstad and F.E. Tønnessen. . The Notion of 'Phonology' in Dyslexia Research:Cognitivism - and Beyond. (manuscript)

P.H Uppstad and F.E. Tønnessen. 2005. The Status of the Concept of 'Phoneme' in Psycholinguistics. (submitted)

P.H. Uppstad. 2005. The Dynamics of Written Language Acquisition. (manuscript)

P.H. Uppstad and O.J. Solheim. 2005. What is Reading? A Critical Account. (submitted)

P.H. Uppstad. 2006. Written Language Skills and the Notion of 'Lexicon'. L1 Educational Studies in Language and Literature., vol 6 Amsterdam University Press (inpress)

P.H. Uppstad and O.J. Solheim. 2005. Aspects of fluency in writing. (submitted)

P.H. Uppstad and Å.K.H. Wagner. . Approaching the skill of writing. Writing and Digital Media., Elsevier (inpress)

Ämnesklassifikation (UKÄ)
- Jämförande språkvetenskap och allmän lingvistik